Sogn Avis: I september kom taket på plass, og med det blir Fridell ein pionér blant huseigarane i Sogn.
Å ha solcellepanel på tak og vegger er ikkje så uvanleg lenger. Men bygningsintegrerte solceller er ikkje utbreidde enno, og her er Fridell tidleg ute.
– Me ville utnytta dei gode soltilhøva. No har me lagt på det eine hustaket mot sør, og so skal me leggja på garasjetaket og garasjefasaden mot vest når garasjen er ferdig bygd, seier Fridell.
Produserer straum
At solcellene er intregrerte vil her seia at huset rett og slett har tak av solceller, lagt rett på undertak og lekter.
– Det ser ut som eit vanleg tak, og me tykkjer det passar godt til stilen på huset, seier Fridell.
Sidan han er pilotkunde hos leverandøren Hassel Solar kan han ikkje gå ut med kostnadene med taket. Men han meiner det ikkje var så stor skilnad frå eit tradisjonelt tak, når ein reknar inn Enova-støtten.
– Ein slepp jo kostnader med taket under. Og så produserer ein straum. Med dagens straumprisar er det nedbetalt på fem år, seier Fridell.
Fridell legg også vekt på at det skal vera eit enklare og vedlikehaldsfritt tak som held i mange år.
Kjølig vår og haust er ein fordel
Sist vinter var det snøtungt på Hafslo, så Bernt Erlend ser fram til å sjå korleis taket fungerer då. Det er herda glas ytst, og i prinsippet skal snøen glida av etter kvart.
Samstundes legg han til grunn at produksjonen frå taket er låg om vinteren, og dei må kjøpa straum. Sommaren utgjer sjølvsagt produksjonstoppen.
– Taket har 20 kilowatt i maksproduksjon. Om sommaren er det meir enn ein brukar sjølv, og me kjem til å selja straum, seier Fridell.
Årsproduksjonen vil vera om lag 10.000-15.000 kilowatt.
Fridell meiner Hafslo passar ypparleg til solceller. Solforholda er gode, og solcelleproduksjonen nyt godt av det er kjølig på vår og haust då det aukar verknadsgraden på solcellene.
Anlegget driv også ei varmepumpe som varmar vatn på ein stor akkumulatortank. Det fungerer som eit termisk batteri, og er eit godt alternativ sidan reine elektriske batteri framleis er ganske dyre.
Nyfikne lustringar
Men Luster kommune sin fastprisavtale gjer at Fridell no må setja seg ned og rekna. Avtalen er gunstig på kjøp, men med spotpris blir det kanskje mest lukrativt med tanke på sal. Han trur kommunen har skote seg sjølv i foten med den gode fastprisavtalen.
– Eg håpar kommunen vil tenkja på sparetiltak generelt, og tenkja på solceller. No har ikkje innbyggarane gode nok incentiv til å investera i solceller, seier Fridell.
I løpet av første kvartal 2023 skal familien flytta inn i det nye huset. Då blir det nye anlegget sett i drift.
– Eg merkar det er litt interesse for det. Då me la det, var det ein del som køyrde sakte forbi, og eg merkar at mange er interesserte og har spørsmål, seier Fridell.
Kjem an på utgangspunktet
Knut-Erlend Rosvold frå Kaupanger er medeigar i Hassel Solar som har levert solcelletaket. Dei har sjølve utvikla produktet, og Fridell er no den siste pilotkunden deira i Noreg.
Han trur lustringen er, om ikkje den aller første, så i alle fall ein av dei første i Sogn som har bygningsintegrert solcelletak.
Litt av bakgrunnen til at selskapet satsa på dette, var at dei ikkje heilt forstod kvifor eksisterande løysingar var så kostbare.
– Me tykte det var dyrt og tungvint, og me ville ha noko enkelt og greitt, seier Rosvold, som ikkje er heilt samd i at slike tak er generelt dyrare.
– Det kjem litt an på utgangspunktet ditt. Om ein byggjer nytt hus, kan det vera eit fornuftig val. Sameleis ved takbytte. På eksisterande tak er det litt dyrare enn å montera solcellepanel oppå taket, seier Rosvold.
Han er også klar på at det ikkje er alle tak dette passar til, reint estetisk sett.
Taklegginga i helga var også ein del av eit kurs for tømrarar. I tillegg var Tore Hassel i Hassel Solar, hjernen bak dette solcelletaket, til stades. Selskapet har satsa på å ha kontroll på alle komponentane sjølve; kjøper ting direkte frå fabrikk, og vidareformidlar dermed ikkje produkt som andre sel. Dei har søkt sju patent og fått tre.
Pilotkundar er viktige
At kundar som Fridell går i bresjen er viktig for ein aktør som satsar.
– Me er avhengige av dei kundane som er villige og har trua utan at det finst referansar til tidlegare prosjekt, seier Rosvold.
No merkar han at det er spesielle tider for dei som driv i bransjen, og dei høge straumprisane er nok mykje av årsaken.
– Interessa har teke seg opp. No er det nesten for mykje, og det hadde eg aldri trudd eg skulle seia.
