Hardanger Folkeblad: Med bakgrunn i at mellom 60 og 70 prosent av straumforbruket i norske husstandar vert brukt til oppvarming, skal det lokale enøk-fondet hjelpa innbyggjarane til å spara straum, pengar og miljøet ved å gjennomføra smarte energisparande tiltak.
Eit fond på to millionar kroner er sett av til ordninga, som det står meir detaljar om lenger nede i artikkelen.
Miljørådgjevar i Eidfjord, Timo Knoch, administrerer enøk-prosjektet. Han seier han ventar auka pågang i tida som kjem. Både etter kvart som tilskotsordninga vert betre kjend og på sikt kanskje fordi ordninga vil verka stimulerande i seg sjølv.
Han har sjølv hatt god effekt av eigne enøk-tiltak. Hadde tilskotordninga eksistert då miljørådgjevar Timo Knoch og sambuaren oppgraderte eigen bustad for nokre år tilbake, ville nok familiebustaden i Evjevegen kvalifisert for ein god del støtte. Han fortel om kva grep dei tok for den eldre bustaden sin, og om korleis desse slo ut.
Sjå liste over kva type tiltak det lokale enøk-fondet støttar lenger nede i artikkelen.

Har du høye utgifter til strøm ? Sjekk byggmesterens beste sparetips
Forbruket ned – komforten opp
Timo Knoch og Wilma Petra Bergman kjøpte hus i Evjevegen på Lægreid i Eidfjord i 2009. Ei eldre tømra stove som var påbygd med maskinlaft. Heile huset hadde husmorvindauge av eldre dato. Paret fekk kjenna på korleis det er å bu med dårleg isolerte vegger og trekkfulle vindauge.
– Spesielt frå aust trekte det kaldt gjennom tømmerveggen, fortel Timo.
Over ein toårsperiode investerte dei i etterisolering og fekk sett inn nye vindauge i heile huset. Huset har fått 15 centimeter med isolasjon og duk som sperre for vinden. Dei har òg skifta kledning.
– Effekten?
Straumforbruket gjekk ein heil del ned. Timo fortel at etter kvart utvida familien seg med to born, men likevel gjekk straumforbruket ned med 10–15 prosent.
– I 2010 låg forbruket for oss to åleine på mellom 11 000 og 12 000 kWh. I 2022, med to vaksne og to born, brukte me litt over 10 000 kWh. I tillegg er det mykje meir behageleg å bu i huset enn det var før.
Han vil tilrå alle med eldre hus om å vurdera etterisolering og utskifting av vindauge.
– Kanskje ikkje alt på ein gong, men ein husvegg om gongen; sjølv om det er ynskjeleg med heilheitlege oppgraderingsprosjekt så viser det seg i praksis at energieffektivisering ofte skjer meir stegvis over ein lengre periode.
Timo er altså rådgjevar for klima og berekraft i Eidfjord kommune og administrator for ordninga. Straks det vart mogleg å søkja, fekk han inn dei første søknadane.
Gjeld frå og med 2022
Den nye enøk-ordninga gjeld med tilbakeverkande kraft frå 1. januar 2022. Det vil seia at tiltak som er gjort før den datoen ikkje er mogleg å få støtte til. Det nyttar heller ikkje å hiva inn ein søknad berre fordi ein har planar om oppgraderingar. Ein må gjennomføra og så senda søknad etterpå.
Her er det altså pengar å henta. Ein privatperson som installerer luft til vatn-varmepumpe i eigen heilårsbustad kan få 40 prosent av dokumentert kostnad og maks 25 000 kroner i støtte til eit slikt tiltak.
15 søknadar så langt
Frå ordninga vart mogleg å søkja på frå desember 2022, har det kome inn 15 søknadar. Desse er fortløpande innvilga.
– Det er til no betalt ut 112 434 kroner av ein pott på to millionar kroner, fortel Timo Knoch.
På få veker er det søkt og innvilga støtte til seks varmepumper, sju reintbrennande omnar og 14 lågenergiglas til dører eller vindaugsopningar, med 22 500 kroner som den største utbetalte eingongssummen.
– Her er det førstemann til mølla som gjeld. Eg ser for meg at me brukar opp dei to millionane, og så må politikarane ta stilling til om det skal bli løyvd meir.
Stein (63) er fersk solcelle-eier: – Tror jeg kan selge strøm for 40.000 i året
Gjeld ikkje fritidsbustader
Det var i budsjettmøtet i desember 2021 at kommunestyret vedtok å oppretta fondet på 2 millionar til enøk-tiltak, men først i november 2022 vart reglane for tildeling vedtekne.
Utleigebustader og fritidsbustader vert ikkje dekka av denne ordninga, med unntak av fritak for sakshandsamingsgebyr for søknadspliktige delar av solcelleanlegg.