Norsk Landbruk: Interessa for John Fasting Sørbø si oppfinning på Agrovisjon var så stor at det blei vitsa om at han burde tatt bestilling og betaling på vipps.
Ideen til kristiansandaren var opphaveleg små 40-50 watts vindmøller i kombinasjon med solceller for å forsyne sensorar, lys og små installasjonar. I 2021 selde Fasting Sørbø deler av aksjane i Voluto AS til Bjørn Rygg sitt selskap, BR Industrier AS.
Utfordringa frå BRI til Voluto-gründeren frå Kristiansand var å lage vindmøller som viser litt igjen i terrenget, slik at dei kan produsere straum til landbruk og bustadhus.
SØKNAD I FORENKLA REGELVERK
Samstundes var føresetnaden at møllene skulle vere små nok til å bli definert som nærvind, og at dei dermed går inn under regelverket for mindre vindkraftanlegg. Det gjer at ein kan sette opp inntil fem vindmøller utan å søke konsesjon. I landbruket oppfyller det også L-en i LNF, som gjer at ein kan søke innanfor eit forenkla regelverk.
– Vindmøller frå utlandet reklamerer gjerne med effekt i vindhastigheter frå 12 til 15 meter per sekund, men det er faktisk ganske sjeldan at det bles så mykje, sjølv på Jæren. Me ville ha ei mølle som leverer straum når det bles 5-7 meter i sekundet. Med eit slikt gjennomsnitt skal ei slik vindmølle kunne levere rundt 12 000 kWh i året. Står den ein plass der det bles meir kan den produsere opp mot 30 000 kWh i løpet av eit år, seier Ole Tom Guse, som er administrasjonssjef i BRI AS.
Nå er målet er at den første kunden skal få levert vindmølle frå Voluto til våren, og at den då er klar for sal.
GIR LITE STØY
Støyen frå ei åtte meter høg vertikal vindmølle vil ligge rundt 40-45 desibel, som er om lag det ein oppvaskmaskin blir oppgitt med. Nær bustadstrøk skal ein ta omsyn til naboar, men vindmøller med vertikale blad har den fordelen framfor tradisjonelle vindmøller, at fuglar ser mølleblada og styrer unna.
– Viss du set fire-fem vindmøller ved side av einannan vil du høyre sus frå dei, men når det bles godt så er det vinden ein vil høyre, og ikkje vindmøllene. Solkast er heller ikkje noko tema, men dei vil jo kaste litt skugge, seier han.
Reknestykket som fortel kor gunstig ei slik investering er tar utgangspunkt i ei pris på 2,5 kr/kWh, i tillegg til ein femtiøring i nettleige. For ei vindmølle som produserer 12 000 kWh i året kjem ein ut med produksjon på 36 000 kroner i året. Med fråtrekk for litt årleg vedlikehald hamnar Guse sitt forsiktige reknestykke på ei nedbetalingstid på fire år.
– Vanlegvis reknar me kanskje at 10-15 år er ei gunstig nedbetalingstid, men her er me betydeleg under det. Til prisen på rundt 100 000 kroner kjem fundamentering og elektrikararbeid i tillegg.
NESTEN ALT PRODUSERT I NOREG
Generatoren som produserer straumen har ein innstallert effekt på 8 kW, og målet er at den skal produsere rundt 3,5 kW ved moderat vind. Mølla vil produsere straum opp til og med sterk kuling, men ved liten storm blir produksjonen stoppa.
– Nå skal me montere fem prototypar på ulike stader, både der det bles godt og der det ikkje bles fullt så godt. Me har også veldig lyst til å plassere eit tilsvarande solcellepanel ved vindmølla for å samanlikne gjennom våren og sommaren. Det er reelt i forhold til slik kundane vil ha det. Me har eit mål om å levere solceller også, men konsentrerer oss først om å utvikle vindmøller, seier Guse.
Filosofien til Bjørn Rygg og BRI er å produsere i Noreg så langt som råd. Det gjeld også produksjonen av vindmøller. Aluminiumsvingene blir laga av Norsk Hydro, stålet blir laga hos Metallteknikk på Jæren og Norsk Overflateteknikk (NOT) står for overflatebehandlinga av metallet. Både Metallteknikk og NOT er selskap i BRI-familien.
– Målet er at me skal vere mest mulig sjølvforsynte i Norge. Kulelagera er kanskje ikkje norske, men me jobbar med å lage ein norsk generator som kan erstatte den me brukar i dag, fortel Ole Tom Guse.