FIRDA.NO: Det er avisa Bergens Tidende som skriv at selskapet Seaborg i København har underteikna ei avtale med bergensselskapet Norsk Kjernekraft AS.

Straum frå saltvatn

Målet med satsinga er å utvikle kompakte saltsmeltereaktorar som skal plasserast på lekterar på fjorden som så kan forsyne industristadar med straum. Kvart flytande kjernekraftverk vil ha ein effekt tilsvarande 35 vindturbinar. Avtalen vart nyleg underteikna i Bergen, og milliardær Trond Mohn er hovudaksjonær. Håpet er at den nye teknologien kan vere på plass i Norge ein gang på 2030-talet.

– Vi ønskjer å finne plassar i norske fjordar der den nye teknologien kan plasserast. Det kan vere fjordar der det enten finst eller vil satsast på ny industri med stort kraftbehov, seier administrerande direktør i Norsk Kjernekraft AS, Jonny Hesthammer.

Høyanger og Hydro har eit enormt behov for kraft i framtida, og har planar om utbygging av vindkraftverk i fjellheimen Snøheia som ligg mellom Høyanger og Sunnfjord. Kjernekraftdirektøren har vore i kontakt med fleire ordførarar, mellom anna Petter Sortland i Høyanger.

– Har lyst til å vere med på dette toget

Saltsmeltereaktorar blir av atomkraftverkforkjemparar ofte omtala som framtidas kjernekraftverk. Høyangerordørar Petter Sortland (Ap) har vore open om han ikkje er begeistra for tanken på å bygge ned fjellheimen med vindturbinar, men at industristaden Høyanger desperat treng kraft i framtida. Vindkraftmotstandaren omtalte dilemmaet som «ein helvetes spagat».

– Vi har vore i dialog med Jonny Hesthamar og Norsk Kjernekraftverk AS i eit halvt år no, og dette toget har vi lyst til å vere med på. Eg ser at fleire kjem med innvendingar om at dette blir kostbart å utvikle, og at det ligg lengre framme enn i 2030 at vi kan gjere oss nytte av teknologien. Likevel synest eg det blir arrogant å stenge døra for denne kraftkjelda. Det er langt fram og det er dyrt, men dyrt blir det blir det om det skal byggast vindkraftparkar på land, for å ikkje snakke om til havs. Det har også blitt diskutert om ein kan bygge saltsmeltereaktorar på land. Kva type reaktorar det eventuelt blir, om det er flytande eller på land synest eg ikkje er så viktig, men eg synest ikkje ein skal stenge døra til denne mogelegheita. Eg er glad for at Vestland Ap fekk gjennomslag på landsmøtet for å opne for ny kunnskap om kjernekraftverk, seier Sortland.

Målet til Seaborg er å få de første saltsmeltereaktorene i drift i Søraust-Asia innan utgangen av dette tiåret. Dei har inngått samarbeidsavtale med Samsung Heavy Industries i Sør-Korea.

Tanken er at Samsung skal bygge standardiserte lekter, medan Seaborg vil bidra med små reaktorar.